Spørsmål og svar

Er det lurt å ta opp lån for å gå på folkehøgskule?

Jente, 19

Vil det vere dumt av meg å byrje på folkehøgskule utan å ha spart opp på forhand? Eg vurderer fhs, men har ikkje fått meg jobb ennå for å spare opp penger. Linja koster 125 000 og eg vet at eg får ca. 40 000 i stipend og kan låne 60 000. Er dette lånet vanskeleg å betale tilbake eller vil det ikkje spille noko stor rolle når eg blir eldre og får meg jobb? Påverkar dette lånet som eg tar opp for fhs andre lån som eg senere tar opp for studier ved universitetet? Får eg mindre pga eg gikk på fhs?

Svar

Hei,

Takk for spørsmål. Om det er lurt å ta opp studielån for å gå på folkehøgskule eller om det er betre å spare opp penger er til sjuande og sist ei vurdering du må gjere sjølv, men det er mange som tek opp studielån for å gå på folkehøgskule.

Du kan få stønad i frå Lånekassen til å ta opp til 8 år med fulltidstudier eller tilsvarande. Eit år på folkehøgskule vil bli regna som ein del av dette, men du vil ha sju år med fulltid igjen på kvota di. Kor mykje du får kvart år vil ikkje bli redusert på grunn av året på folkehøgskule.

Med helsing Lånekassen i samarbeid med ung.no

Besvart: 18.2.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål