Spørsmål og svar

Eg får ikkje den veiledninga en ønskar i Mat og Helse

Gutt, 14

Hei, ung.no! Eg har mat & helse som eit avgangsfag, og i forrige termin fekk eg 4. No vil eg kome meg opp på ein 5-ar, men problemet er at eg ikkje skjønner korleis eg skal klare det. Eg har fått ein tilbakemelding før om at eg må bli meir effektiv og få betre arbeidsteknikk. Problemet er berre at når eg først spør om korleis eg gjør ting i mat & helse-timane for å lære, så kjem berre læraren og gjer det for meg. T.d bad eg om han kunne vise meg elteteknikk så eg fekk lære det, men han gjorde berre ferdig heile eltinga slik at eg ikkje fekk prøve det sjølv. Eg føler at eg lærer best i praktiske fag når eg får demonstrert ting først og deretter får prøve det litt sjølv etterpå under veiledning. Når læraren gjer det for meg, føler eg ikkje at eg får lært noko sjølv om eg ser på. Same var det da eg berre for og vaska hendene ein gong for at eg var skitten. Eg hadde ein kvart gulrot igjen å kutte, og så berre sa læraren at det gjekk treigt og kutta gulrota for meg. Kva skal eg gjere?

Svar

Hei

Takk for at du skriv til oss, og så fint at du har eit bevisst og reflektert forhold til din eigen karakter og di eiga læring. Her høyrest det ut som om du bør seie i frå til læraren, slik at han/ho kan ta dette til etterretning. Be om å få prate med læraren, og forklar korleis du lærer, og at du har lyst til å utvikle deg vidare. Dette vil nok læraren setje pris på, og tilpasse seg. Vis til dei døma du no beskreiv i spørsmålet ditt, og fortel om kva du skulle ønskje vart gjort annleis. Det er ikkje så mykje anna du kan gjere, ettersom du har relativt "lite tid" til å vise framgang før karakterane setjast i juni. Lukke til!

ungdomsskolelæreren, ung.no

Besvart: 10.3.2019

Oppdatert: 10.3.2019

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål