Lærer gir meg ikke tid til å fullføre prøven ?
Gutt, 18
Eg hadde nyleg prøve i R2 om trigonometriske likningar. Eg følte at eg kunne alt, og eg svarte alle oppgåvene eg gjorde, men eg rakk ikkje å gjera den siste oppgåva (prøven var ein og ein halv time på å løysa seks "del 1"-oppgåver). Eg har same lærar som eg hadde i R1, og dette er den tredje gongen der eg ikkje rekk å fullføra ein "kort prøve". Dette er eg ikkje åleine om i klassen. Og eg har sagt ifrå til læraren, men hen får det til å virka som om det er eg som ikkje er rask/god nok, og at dette er ein normal lengde på prøvar. Eg gjer oppgåvene med god fart, meiner eg. Men uansett kor raskt eg gjer oppgåvene, klarar eg aldri å fullføra prøvane, og læraren nektar å gje ut ekstra tid. Det hjelpar heller ikkje med at tidspresset gjer at eg ikkje får tid til å tenkja gjennom og dobbeltsjekka svar. Eg er bekymra for at eg ikkje får vist kompetansen min i faget og at karakteren min vert påverka. Er det noko eg kan gjera? Kan eg ta opp noko med læraren? Kan/burde eg klaga?
Svar
Hei!
Det høyrest frustrerande ut at du ikkje har nok tid til å fullføra prøvene og at læraren ikkje gir ekstra tid. Det kan vera lurt å snakka med læraren igjen og forklara situasjonen din tydeleg. Kanskje du kan føreslå alternative løysingar, som å få litt ekstra tid eller å få prøvene tilpassa slik at dei er meir realistiske å fullføra innanfor tidsramma.
Besvart: 26.9.2023
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
