Korleis kan eg bli klar for sex? Har eg angst? Har opplevd overgrep som ung
Jente, 19
Hei Da eg var liten blei eg og broren min passet på av ein dame og mannen hennes. Mannen kysset meg ofte på munnen og ofte tunge kyss. Han gjorde det så ofte han kunne i løpet av ein dag. Og vi blei veldig ofte passet på av dem. Sa det aldri til foreldrene mine for eg var ganske liten og han sa at det var ein hemmeligheit. Etter kvart blei eg og broren min større og trengte ikkje å bli passet på lenger. Men for nokon år siden skjedde det igjen av samme person. Då sa eg ifrå, Vi anmeldte saken og vant rettsaken. I dag er mannen død (han var såpass gammel ja) No har eg kjæreste som har nevnt det med sex, men eg følte meg ikkje klar. Eg vil ha barn, men veit aldri om eg blir klar siden eg tenker på det så ofte. Når eg er ute på butikken føler eg av og til at han er der, er dette angst? Er det noko eg kan gjere for å bli klar???
Svar
Hei, jente på 19 år
Takk for spørsmålet ditt!
Dette som du har opplevd er absolutt ikkje greit eller lov. Det mannen gjorde mot deg var ulovleg og du kunne ikkje vite det fordi du var eit barn. Det var ikkje ditt ansvar og kun mannen sitt ansvar. Det er godt å høyre at du fekk hjelp til å anmelde, at han blei tatt og at du vant rettssaken.
Det er ikkje rart at du reagerer på det du har opplevd. Dette kallar me vanlige reaksjonar på uvanlege hendingar. Det er ikkje uvanleg at ein dessverre gjenopplever eller er prega av noko som har hendt ein tidligare sjølv om situasjonen eigentleg er forbi. Ein kan seie at kroppen i mange tilfeller hugsar gjennom minner, tankar og følelsar utan at situasjonen fortsatt står på. Det du opplever på butikken kan vere det - at du får eit minne/reaksjon/tanke/følelse som høyrer fortida til sjølv om mannen no er død.
Om ein skal kalle det angst, reaksjon, vonde minner, posttraumatisk stress eller noko heilt anna er ikkje så godt å seie og dette må du eventuelt få hjelp til å finne ut av. Eg kan ikkje svare på det over internett når eg veit så lite om saka og ikkje kjenner deg.
Eg tenkjer uansett at det kan vere veldig lurt at du oppsøker noen profesjonelle som kan hjelpe deg å bearbeide det du har opplevd! For nokon så hjelper det berre å få snakka litt ut om det ein har opplevd og få "sortert" litt i reaksjonar, følelsar og tankar rundt dette. Andre trenger litt meir langvarig behandling. Kva som er tilfellet for din del veit eg ikkje. Når det er sagt så er det også slik at slike reaksjonar kan gå over av seg sjølv og det er ikkje sånn at ein er nødt til å gå i terapi for det. Men eg tenkjer at i ditt tilfelle vil det uansett kunne vere ein god idé å i alle fall drøfte med noen profesjonelle korleis du har det og kva dei tenker du bør/kan gjere vidare for å få det lettare.
Når det gjelder sex så råder eg deg til å ikkje gjere dette dersom du ikkje er klar. Det er veldig viktig med kommunikasjon rundt dette. Dersom du klarer det er det lurt om du er open med kjærasten din om korleis du har det rundt dette temaet. På den måten får du ivaretatt dine eigne grenser og gir samtidig kjærasten din sjansen til å forstå deg betre. Dersom ein ikkje kommuniserer kan dette for nokon endre i misforståelsar slik at den eine parten føler seg avvist enten på nærhet eller f.eks på forståelse. Dette kan vere vondt for begge parter. Det einaste som er sikkert er at sex er noko som skal vere begge sitt ønske og det er ikkje bra å ha sex under press eller på annan måte gjere det for andre sin skuld. Så ikkje gjer det - men snakk sammen!
Stader du kan kontakte er fastlegen din eller helsestasjon for ungdom. Få gjerne støtte hos foreldre eller andre voksne som veit kva du har vore gjennom til å søke hjelp.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 6.12.2019
Oppdatert: 6.12.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
