Spørsmål og svar

Eg føler plutselig ingenting og lurer på om det er noko gale med meg

Jente, 14

Eg sliter med å få fløle ting, eg bruker vanlig vis å ha mange følelser kvar dag. Eksempel, stress for noe, eller noen eg liker, eller glede, eller trist. Men, får nokre veker siden kunne eg plutselig ikkje kjenne nokon ting. Eg føler ingenting. Eg lurer på om det er noko galt med meg, eller noko eg kan gjøre for å få følesene mine tilbake.

Svar

Hei, jente på 14 år!

Takk for spørsmålet ditt. Det høyres ut som det kanskje har blitt litt mykje for deg i det siste og at kroppen kanskje er litt "tom". Du fortel at du til vanlig har mange følelsar men at du no slit med å kjenne noko som helst. 

Du fortel ikkje om det er noko spesielt som har skjedd som har vore ekstra belastande for deg eller kanskje slitsomt over tid. Nokon gonger vil ein kunne kjenne seg tom/føle ingenting dersom ein ikkje har meir å gå på. Dette kan vere f.eks dersom ein har vore gjennom ein ekstra stressande periode eller på ein eller annan måte har gått på "høggir" over tid utan å klare å lytte til signal frå kroppen om at det er nok. Nokon gonger kan ein også bli dårligare til å ta vare på seg sjølv i perioder der det er for mykje å gjere eller å tenke på. F.eks kan ein hoppe over måltider eller få for lite søvn utan at ein tenkjer over det. Dette vil igjen kunne føre til at ein føler seg meir tom/sliten. Eg veit ikkje om det er slik for deg men for nokon er det slik. 

Ein annen ting som kan skje er at nokon personer går inn i ein depresjon og då vil ein også kunne ha problemer med å kjenne følelsar og rett og slett kjenne seg tom. Det at dette skjer med nokon personar vil ikkje sei at det er det som har skjedd med deg. Det som kanskje er mest sannsynleg vil nok vere at følelsar svinger og nokon gonger så har ein det rett og slett litt annleis og kanskje tyngre utan at det er nokon spesifikk grunn til det. Eg tenkjer at du kan sjå dette litt an og forsøke å komme tilbake i gode, vanlige rutiner med mat, søvn, sosiale relasjonar, trening (dersom du held på med det) og andre aktivitetar for å sjå om det stabiliserer seg igjen.

Dersom det ikkje går over og du treng nokon å snakke med er det lurt å kontakte helsesjukepleiar på skulen eller snakke med nokon heime som du stoler på :) 

Ønsker deg alt godt og ha ei fin førjulstid!  

Med vennlig hilsen psykologen 

Besvart: 6.12.2019

Oppdatert: 6.12.2019

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål