Korleis få fleire følgjarar på instagram?
Jente, 13
Hei! Eg har begynt å legge ut bilder på insta med sånn svart/grått filter sånn at de ikke skal helt se ansiktet. Kan folk bruke bildene mine til ting? Eg har og begynt å miste følgerne mine og synes d er ganske trist får bare lyst til å slette hele kontoen min av dette. Hva kan eg gjøre for å få mer følgere? Eg har bare fire bilder nå skal eg lissom poste ut fler eller hva kan eg gjøre for å få flere følgere og ikke miste de? Det står at eg kan promotere innleggene mine for å nå flere folk skal eg liksom betale bildene mine bare sånn at folk skal se bildene mine? Eg føler dette blir litt feil. Takk for svar
Svar
Hei!
Er du bekymra for at nokon skal bruke bileta dine er det en god idé at du ikkje viser ansiktet ditt slik du gjer. Teknisk sett kan folk bruke bileta dine til ting, men det er ikkje nødvendigvis så sannsynleg dersom du ikkje er ein kjent eller profilert person. Mnage spør også om lov dersom dei har lyst å reposte eit bilete. Viss du vil sikre at ingen bruker bileta dine kan det vere ein idé å ha privat profil, slik at du bestem kven som har tilgang på bileta dine.
Når det gjeld følgjarar er det vanskeleg å avgjere korleis ein kan få dei og korleis unngå at dei sluttar å følgje deg. Du vil jo helst at følgjarane dine skal vere interessert i det du legg ut, så derfor er det kanskje ikkje om å gjer å få flest mogleg følgjarar men kanskje følgjarar du kjenner som er interessert i deg. Prøvar du å nå ut til fleire enn dette er det lurt å leggje ut relevante ting for målgruppa du prøver å nå og å vere ein aktiv konto. Har du til dømes ein hobby eller ei spesiell interesse du legg ut mykje om?
Her er det også ei viktig avveiing fordi følgjarar ofte syns det er meir interessant å sjå på farga bilete med personar i bileta, men å leggje ut slike bilete gjer at du er meir eksponert. Du har rett i at du kan promotere innlegget ditt, men dette er kanskje meir relevant for større profilar som prøver å selje eit produkt eller nå ut med ein bodskap.
Mitt tips til deg er uansett å prøve å vere aktiv på instagram fordi du syn det er kjekt og du har ting du vil dele heller enn at du legg ut for å få følgjarar eller likes. Då blir det fort slitsamt og du får berre lyst å slette appen slik du skildrar. Ein ting som kan hjelpe er å skru av varslingar frå appen slik at du ikkje ser beskjedar men heller sjekkar appen når du har lyst til det.
Ta gjerne ein kikk på artiklane eg har lagt ved.
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 8.11.2020
Oppdatert: 8.11.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

