Spørsmål og svar

Svømming er kleint. Å springe og jogge er og kleint. Kva gjer eg?

Jente, 13

Hei, skolene er jo stengd nå pga Coronaviruset, men eg tenkte å bare skrive fordeom. Eg går i 8. Klasse og me he svømming og gym, men problemet er at eg ikkje tørr å ha svømming si eg synes det er dødskleint! Eg vet ikkje keffor men alt me gjer i bassenge er bare kleint. Sama med gym feks. Vis me springe eller jogge i gymmen så er det kleint. Eg vet at folk tenke at det bare er kleint men det begynne faktisk å bli vondt av at det er kleint. Eg he bare hatt svømming 2 ganger si eg begynte i 8. Og eg kan ikkje ha meir fravær. Eg he ikkje godt forholdt te foreldrene mine så eg kan ikkje sei det til dei og lærerne seie alt te foreldrene mine. Eg he sagt det til nogen venner men dei bryr seg ikkje eller di gjer ikkje noge men det er jo ikkje sånn at di ska gjer noge då.

Svar

Hei!

Også i desse corona-tidane går det an å ta kontakt med skula om ting ein er uroa over. Du kan be om ei samtale med helsesjukepleier, eller med sosiallæraren / miljøarbeidaren på skula di, til dømes. Kanskje dei siste har best tid no? 

Du er ikkje aleine om å synes at svømming og kroppsøving er kleint, og dei vaksne på skula er vande med å hjelpe elevane med dette. Så ikkje vent med å spørje! (gå på heimesida til skula di og finn namn og telefonnummer - finn du ikkje ut kvar du skal ringje, så kan du ringje sentralbordet på skula og få riktig namn). 

Lykke til!

Vennlig hilsen lærer/rådgiver, ungdomsskole, ung.no

Besvart: 28.4.2020

Oppdatert: 28.4.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål