Spørsmål og svar

Har spørsmål om tvangstankar, psykiske lidelsar og p-piller

Jente, 14

Hei! Eg lurer på om tvangstanker kan enten forverre eller dempe psykiske lidelser som fks angst eller depresjon? Også om psykiske lidelser blir forverra av å ta P-piller og eventuelt kva gjør P-piller med deg/kroppen din?

Svar

Hei, jente på 14 år!

Fint at du ber om råd når du lurer på noe.

Tvangstankar kan vere del av ein psykisk lidelse vi kallar tvangslidelse/OCD og dersom ein strever mykje med tvangstankar kan dette føre til at ein strever psykisk. Det er også slik at fleire psykiske lidelsar overlapper og ein vil gjerne kunne oppfylle kriterier for fleire diagnosar samtidig. Det er ikkje uvanlig å t.d. ha både tvangslidelse og ein annan angstlidelse og/eller depresjon samtidig. Dersom ein har tvangstankar som plager ein men ikkje har utvikla ein tvangslidelse (les meir her) kan desse tankane føre til at kvardagen blir meir strevsom og dette kan igjen føre til angst og depresjon dersom ein strever over tid. Dersom ein med "tvangstankar" tenker på plagsomme og påtrengande tankar som ein ikkje ønsker å ha så er det heilt vanleg å ha ubehagelige, rare og plagsomme tankar uten at det er noe uvanlig ved dette. Det er korleis ein reagerer på tankane som er det vesentlige. Les meir om korleis å håndtere plagsomme tankar her.

Det er mest vanlig at p-piller ikkje fører til psykiske lidelsar. Likevel veit vi at nokon opplever psykiske lidelsar som følge av bruk av p-piller og då er det mest vanlig å oppleve depresjon. Dersom ein har erfaring med å vere deprimert fra før er det truleg noko større sjanse for at p-piller kan føre til depresjon på nytt (hos nokon, langt ifrå alle). P-piller er eit svært trygt prevensjonsmiddel som fører til at jenter/kvinner kan ha sex utan uro for å bli gravid. Det må alltid vurderast frå kvinne til kvinne kva som er best for den enkelte. Har du spørsmål om prevensjon og depresjon kan du ta dette opp med fastlegen din eller du kan snakke med nokon på Helsestasjon for ungdom der du bur. Begge deler er gratis!

Ønsker deg alt godt. 

Med vennlig hilsen psykologen 

Besvart: 30.8.2020

Oppdatert: 30.8.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål