Spørsmål og svar

Eg blir mobba, kva skal eg gjere?

Jente, 13

Hei eg er 13 år og eg liker ikkje skulen min og eg blit bare erta. Eg blir veldig lett sur og det rr derfor eg er offeret alle ler av meg bare få og få meg irritert og kan kasta fleire timg rundt i klasse rommet og dytte pulter så hard at dei blir ødelagt. Eg har veldig lyst å bytte skule men foreldrene mine lar meg ikkje og trur dei skal finne ein løysing:/ Så eg nekter å dra på skulen og sjå folk i klassa ka skal eg gjere?!

Svar

Hei!

Alle born og unge har rett til å ha det trygt og godt på skulen. Du skal difor be dine vaksne der heime om å hjelpe deg. Dei kan ringe til kontaktlæraren din eller til rektor, og forklare korleis du har det. 

Du kan og snakke med ein vaksen på skula som du stolar på, og så kan denne personen hjelpe deg vidare med saka. Alle vaksne på skulen har plikt til å gjere dette. 

Så skal skulen din innan kort tid ta tak i saken, og få slutt på mobbinga. Om mobbinga ikkje tar slutt, skal dine vaksne seie ifrå med ein gong. Og så må skulen din gjere enda meir.

Dette er skula si plikt, så ikkje vent med å be om hjelp. 

Vennlig hilsen lærer/rådgiver, ungdomsskole, ung.no

Besvart: 19.11.2020

Oppdatert: 19.11.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål