Korleis kan eg bli betre kjent med ein som er eldre?
Jente, 13
Eg likar ein gutt. Han er nesten 16 og eg er 13. Eg har sendt inn spørsmål om kva eg skal gjere før, men før eg har fått svar har situasjonen forandra seg. Eg hadde han på snap og ville prøve å bli kjent med han, men det gikk ikkje etter planen. Før han fikk vite kven eg er fjerna han meg som venn. Han ba ein kompis om å legge meg til får å finne ut kven eg er. Men då han fikk vite det fjerna han meg som venn og. På skulen ser eg dei i friminutta, men kvar gang eg har sjansen til å vise meg får eg panikk og snur meg. Eg veit ikkje en gang om han hadde sagt det om han såg meg. Når eg tenker på han eg likar so blir eg glad fordi eg har fått augekontakt mange ganger og eg likar han så godt. Men så begynner eg å grine fordi han veit ikkje kven eg er og tenker sikkert ikkje på meg når han ser meg. Eg tenker på det heile tida, men eg er berre so pinglete! Eg vil at han skal vite det, men eg vil ikkje seie det sånn at alle vennane høyrer det heller. Håpar du forstår og kan hjelpe meg.
Svar
Hei!
Eg skjønar godt at dette er frustrerande. Du likar han godt og tenker mykje på han, men det verkar som om han nesten ikkje ensar deg. Sjølv om han ikkje er så mykje eldre enn deg trur eg likevel at han kanskje er såppas mykje eldre at han ikkje ser på deg på den måten. I ulike aldrar har ein gjerne forskjellige interesser og ting ein er opptekne av. Han skal tenke på vidaregåande og livet framover, medan du har ei god stund att på ungdomsskulen. De har sannsynlegvis også veldig forskjellige vennegjengar og fritidsaktivitetar også. Det betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje kan gå, men det gjer nok at det er meir komplisert og at ein må inngå kompromiss dersom ein er i eit forhold. Det kan hende det er derfor det er vanskeleg å få kontakt med han og at han ikkje legg deg til.
Det er ikkje ein fasit, så du kan jo sjølvsagt prøve. Eg forstår at du får panikk når du ser dei, men på den måten kjem du aldri til å bli kjend med han. Utfordre deg sjøv! Kanskje du kan starte med noko så lite som å spørje om han har sett ein lærar du leitar etter? Eller om han veit kor kopimaskina er? Der har du ein god måte å sjå korleis han reagerer når du snakkar til han. Kanskje du kan begynne å sei hei og smile til han i gangane? Ta det gradvis, og etterkvart får du kanskje moglegheita til å vere aleine med han slik at du kan snakke om kjenslene dine.
Lykke til!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 8.3.2021
Oppdatert: 8.3.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

