I dag blei eg trakasert av ein lærar. Kva gjer eg?
Jente, 13
i dag blei eg trakasert av ein lærar
Svar
Hei!
Ein lærar har ikkje lov til å trakassere ein elev. Opplæringslova §9-a seier klart og tydeleg ifrå at alle elevar har rett på eit trygt og godt skulemiljø.
Når elevar blir trakassert, kan dei vaksne der heime melde saken til enten kontaktlæraren eller til rektoren på skulen, ved til dømes å ringe. Eleven kan også seie ifrå sjølv, til kven som helst vaksen på skulen.
Når ein vaksen på skulen har fått meldinga om trakassering, skal saken tas vidare med ein gong. Skulen må lage ein plan for korleis eleven skal få eit trygt og godt skulemiljø igjen, og dei må starte med å innkalle eleven det gjeld og dei vaksne der heime til eit møte.
Dersom skulen ikkje gjer noko med saken, kan dei vaksne melde han til fylkeskommunen, eller til politiet dersom trakasseringa er av kriminell karakter.
Ikkje vent eller nøl med å seie ifrå!
Vennlig hilsen lærer/rådgiver, ungdomsskole, ung.no
Besvart: 13.4.2021
Oppdatert: 13.4.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
