Spørsmål og svar

Nokon tips for å få bedre helse?

Gutt, 14

har noken tips for korleis få en litt bedre helse? eg sliter med helsa mi, men eg vil ikkje gå til psykolog. eg skriver her fordi ei merka mi smerte såra andre rundt meg og ei vil ingenting vondt.

Svar

Hei!

Så fint at du ønsker deg litt betre helse.

Det høyres ut som om du er på jakt etter noko du kan gjere sjølv ettersom du spesifiserer at du ikkje ønsker å snakke med psykolog.

For å få betre helse kan det vere lurt å fokusere på «fundamentet» i kvardagen som gjerne består av det å finne gode rutiner. Eg skal gje deg ulike tips og påminnelsar under.

Du kan ha fokus på å få nok søvn og å legge deg og stå opp til ca samme tid kvar dag. Ikkje sove på dagen for då kan det bli vanskelig å sovne på kvelden.

Det er også viktig og lurt å få nok mat og ofte nok måltider med variert innhald.

Vidare er det godt for helsa å halde på med fysisk aktivitet og å få litt frisk luft kvar dag. Gå gjerne ein tur med litt kjapt tempo, det trenger ikkje vere så «voldsomt» for at det skal vere postivt for helsa.

Det er også viktig å vere saman med personar som betyr noko for deg og som du føler deg bra saman med. Gode relasjonar er ei viktig brikke i puslespelet når vi ønsker å få og å oppretthalde ei god helse.

Øv deg også på å kjenne etter på kva som er dine ønsker og behov - kva aktivitetar er bra for deg? Kva ønsker du å gjere meir eller mindre av? Er det noko du gjorde før som du har mista fokus på no som du kanskje bør kople deg på igjen? Det kan vere lurt å stille seg sjølv slike spørsmål.

Utover dette er det lurt å halde seg unna rusmidler ettersom kroppen blir sliten av rus sjølv om det kan kjennast kjekt i «nuet».

Det var litt ulike tips. Håpar du får brukt dei. Eg ønsker deg masse lykke til!

Med venleg helsing psykologen

Besvart: 7.9.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål