Spørsmål og svar

Rasfare og vanskeleg skuleveg. Har eg rett på stipend?

Jente, 16

Hei. Eg skal på vgs neste skuleår. (Har veldig lite peiling på korleis stipend og sånt fungerer.) Huset vårt er AKKURAT for nærme skulen til å få stipend, altsa at det er akkurat utanfor grensa. men eg klarar ikkje å sjå for meg å klare å komme meg på skulen heilt heime ifrå kvar dag. Veien ned til der bussen går er over 3 km uten gatelys eller gangfelt. Den er også smal, full av skumle svingar og der er ras-fare. Den er faktisk kåra til en av dei dårlegaste veiane i Norge. Det går rett og slett ikkje å gå til og frå bussen kvar dag. Visst eg må bu heime, må mamma og pappa køyre meg til og frå bussen kvar dag. Det har dei ikkje tid til. Visst eg først kjem meg til bussen, går den ikkje ofte i det heile og veien til skulen er over 3 mil (fortsatt svingete og smal). Trur du eg har sjangs på å få stipend sjølv om huset mitt AKKURAT er for nærme?

Svar

Hei,

Takk for spørsmål.

Dersom du skal få bortebuarstipend på grunn av avstand, så må det være minst 40 km mellom skulen og der foredra dine bur, så det virkar ikkje som du oppfyller det kravet, men du kan også ha rett til dette stipendet dersom det er andre årsaker til at du ikkje kan bu heime mens du går på skulen.

Dersom det i realitieten er vanskelig for deg å komme til skulen, så kan det gjere at du like vell har rett til bortebuarstipend. I så fall bør du sende inn ein søknad om stipend, gjerne sammen med ei forklaring på situasjonen og dokumentasjon. Du kan lese meir på Lånekassen sine heimesider.

Vennlig hilsen Lånekassen i samarbeid med ung.no.

Besvart: 16.1.2024

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål