Spørsmål og svar

Ho sa at kuken min var stor, æ føla at ho ikkje liks mæ meir

Gutt, 17

Æ pulte ei jente i går. I dag sa ho te mæ at kuken min var så stor. Æ føla at ho ikkje liks mæ meir. Kati ska Æ liksom spørr ho på middag eller date. Æ treng virkelig å prat om detta her. Æ har målt kuken min å den er bare 14 cm. Æ det normalt. Kan dokke plis skriv på nynorsk når dokke ska svar mæ! Æ suge i bokmål.

Svar

Hei!

Eg skal forsøke å svare deg på nynorsk så godt eg kan. Men eg trur eigentleg at du klarer å lese bokmål ganske godt også.

Når det kjem til storleik på penis så har dei fleste skandinaviske menn ein penis som er mellom 8 og 22 cm når den er stiv. Og det er når den er ferdig utvokst. Dei fleste gutar er ferdig utvokst når dei er 18-20 år.

Du skriv at du har ein penis som er 14 cm. Det er gjennomsnittsstorleiken på penis hos gutar. Så akkurat nå har du ein penis som er gjennomsnittleg, og det er heilt normalt.

Eg forstår ikkje kvifor du tenker at den jenta ikkje likar deg lenger når ho sa at penisen din er så stor. Sa ho det på ein måte som viste at ho ikkje likte å ha sex med deg? Eller er det dine eigne tankar om at du har liten penis som gjer at du blir usikker?

Det er sjeldent det er storleiken på penis som har noko å seie når ein har sex med nokon. Det er mykje viktigare at du er snill og omtenksam og oppmerksam.

Hvis du liker denne jenta godt så er det bare å hoppe i det og spørre ho om ho vil finne på noko med deg. Ikkje gjer det så vanskelig og stort, det kan være meir enn nok å gå ein tur eller ta noko og drikke på ein kafé. Gjer det enkelt!

Spør ho gjerne ansikt til ansikt i stedet for å gjere det over snap eller melding. Det gjer det mykje meir ekte på ein måte.

Hvis du treng å snakke om alt dette så vil eg anbefale deg å snakke med til dømes helsesjukepleiar på skulen eller på helsestasjon for ungdom der du bur. Helsesjukepleiar har mykje erfaring med å snakke med ungdom om ulike ting.

Les gjerne artiklane eg har lagt ved.

Eg håpar dette var til hjelp for deg!

Venleg helsing helsesjukepleiar

Besvart: 1.6.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål