Spørsmål og svar

Eg er lærling. Kva skjer med stipendet om eg tener for mykje?

Gutt, 18

Hei. Eg er førsteårs lærling som kokk og lurer på om eg har undervurdert lønna mi neste halvår. Eg har ei ordning der eg jobbar på eit hotel eit halvår og neste halvår så skal eg jobbe på båt som eg trur er rekna som offshore båt. Eg søkte om bortebuarstipend tidlegare og har fått det. Eg tjener ca 13 000 i månaden og tenkte at neste halvår kom eg til å tjene kanskje 15- 16 000. På grunn av ein litt bedre jobb og sidan eg går opp eit lønnsnivå, men ein eg snakka med nyleg sa at eg sikkert kom til å tjene opptil 25 eller 30 000. Eg er no litt usikker på kva som vil skje med bortebuarstipendet mitt. Vil det berre bli kutta når eg jobbar offshore, vert eg nød å betale det tilbake att, må eg sende inn eller ringe nokon i skattetaten for å oppklare dette eller vil det skje automatisk?

Svar

Hei!

Så hyggeleg at du spør oss på ung.no!

Bortebuarstipendet blir påverka av kva du har i lærlinglønn. Lønn du har frå andre jobbar tel ikkje med.

Du kan ha inntil 17 959 i lærlinglønn per månad i 2025-2026, før bortebuarstipendet blir redusert. Det betyr, at bortebuarstipendet ikkje blir påverka, så lenge lærlinglønna di er under 17 959 kroner i månaden når du jobbar offshore.

Når du søkjer om bortebuarstipend, så spør Lånekassen deg kva du skal ha i lærlinglønn kvar månad. Viss lærlinglønna di endrar seg i løpet av skuleåret, så bør du melda frå om det til Lånekassen. Det kan du gjera i ein e-post frå dine sider. Gjerne send inn dokumentasjon på kva den nye lærlinglønna din er òg.

Dersom lærlinglønna er høgare enn 17 959 kroner, så får du mindre bortebuarstipend. Skulle det då visa seg at du har fått utbetalt for mykje stipend, så blir det du fekk utbetalt for mykje til eit lån. Det må du i så fall betala tilbake seinare.

Venleg helsing Lånekassen i samarbeid med ung.no

Besvart: 5.11.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål