Spørsmål og svar

Korleis kan vi bli saman att?

Annet, 14

Eg liker noken. Vi var sammen for eit år siden. Men eg slo opp siden eg ikkje var så bra pysisk til å ta vare på oss, eg angere på det. Eg liker dei fortsatt. Dei liker 2 andre og meg. Eg føler eg er på 3.plass. eg veit ikkje kva eg skal gjere. Eg elsker den personen. Og det gjør vondt og sjå dei med andre, og elske nokon som dei ein gang gjorde med meg. Eg ser ikkje for meg og være med ein Annen person. Eg meiner det eg skreiv i dagboka mi for 1 år siden: "eg kjem aldri til å slutte og elske den personen, sjølv om det sårer meg og sjå dei med nokon andre." Det er 100% sant. Meir en 100%. Men eg prøver og stå på :) eg må nok berre vente. Men det gjer meg så trist og sjå for meg at dei elsker nokon andre som dei pleide og gjere med meg. Eg kunne SÅ GJERNE ØNSKE AT DEG VAR MEG! Å IKKJE DEI..eg har det vanskelig med kjærlighet i ein så ung alder. Eg vil ha svar. Ikkje sei at eg skal komme meg over dem. Har prøvd, flere ganger. Eg vil gjer alt for den personen sjølv om det sårer meg❤️

Svar

Hei! Eg forstår kjempegodt at dette er vondt akkurat no, og at du føler mykje anger på at du var den som slo opp. Ikkje klandre deg sjølv. Eg trur at det var veldig riktig at du fulgte magekjensla di der og då og satte di eiga mentale helse først.

Det er også bra å unngå å øydelegge noko viss du er redd for at du ikkje kan ta vare på forholdet på grunn av korleis du har det.

Personen du likar har openbart vore veldig glad i deg, og er sannsynlegvis framleis det. Du seier også at personen likar deg, men at personen også likar to andre. Ikkje tenk på det som ei rangering, men tenk på det som teikn på at personen er litt usikker.

Eg trur at det hadde vore fint for deg å skrive ei melding eller eit brev der du forklarar kva du føler og at du kjenner at du er klar for å gi det eit forhold treng. Spør om personen du likar trur at de kan finne ut av det.

Uansett kva svaret er trur eg det er veldig fint å få avklart det, slik at du enten kan gå vidare eller jobbe med å bygge opp att det de hadde.

Hilsen Ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 22.12.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål