Spørsmål og svar

Kvifor flørtar han når han seier at han ikkje likar meg?

Jente, 13

Hei, eg har sagt til en gutt at eg liker ham, han liker ikkje meg men ser på meg og tøffer seg foran meg. For meg ser det ut som han sender signaler på flørting.

Svar

Hei! Det kan vere skikkeleg forvirrande når ein gutt seier at han ikkje er interessert, men du likevel kan sjå tydelege teikn på at han flørtar med deg.

Det kan vere mange grunnar til at han oppfører seg slik. Nokon veit ikkje heilt kva dei føler og forstår ikkje følelsane sine, nokon er ikkje klar for det, nokon vil ikkje det, og nokon flørtar utan at dei vil noko meir med det. Eg veit ikkje kva grunnen hans er, men vanlegvis kan du da tolke det som at han ikkje vil eller er klar for at det skjer noko mellom dykk, uavhengig av korleis han oppfører seg.

Viss han veldig openbart flørtar kan du seie at du vil at han skal slutte med det, slik at du slepp å få ulike signal frå han. Viss han trass alt ikkje vil ha noko, kvifor oppfører han seg slik då?

Det kan også vere enklare for deg å komme deg vidare dersom du slepp at han er flørtete rundt deg heile tida. Du vil jo ha ein gutt som likar deg for den du er og ikkje ein som likar oppmerksomhet frå deg?

Det beste er om du klarer å komme deg vidare, men at du ber han om å slutte å flørte og om du ensar han mindre, kan det hende han får tenkt litt ekstra på om han likar deg litt likevel.

Besvart: 23.1.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål