Spørsmål og svar

Kva skjer om ein person over 16 år har samleie med ein person under 16 år?

Jente, 14

Kva skjer om ein person over 16 år har samleie med ein person under 16 år?

Svar

Hei!

Så fint at du skreiv til oss og spurde om kva som kan skje viss ein over 16 år har samleie med som er under 16 år.

Det er fleire ting som kan skje, men det er ikkje sikkert at dei skjer.

Det som også kan skje, er at nokon melder den eldste for å ha sex med ein som er under den seksuelle lågalderen som er 16 år.

Då vil politiet vurdera alderen, utviklinga og modnaden til ungdommane.

Kanskje er det ikkje utan grunn at den seksuellelavalderen er 16 år?

Me har lova for å

  • beskytte barn og unge ungdommar mot overgrep
  • verna barn og unge ungdommar mot å ha seksualitet med ein annan før dei er klare for det fysisk/kroppsleg og også tankemessig/psykisk

Poenget er altså ikkje å straffa, men å verna.

Eg vil tilrå deg å venta med seksualitet/sex med ein annan til du blir eldre.

Om du har hatt sex/samleie, kan du ta ein pause til du blir eldre.

Du kan bruka god tid på å bli kjend med kroppen og kjønnet ditt. Då er du godt førebudd til den dagen du kan ha seksualitet/sex.

Du kan nyta god seksualitet med deg sjølv.

Anten dette gjeld deg eller ikkje, kan du snakka med med helsesjukepleiar på skulen eller ein fagperson på helsestasjon for ungdom.

Dersom det er vanskeleg å forklara kan du visa skjermbilete av det du har skrive og svaret her.

Eg håpar dette er til hjelp for deg og eg ønskjer deg alt godt!

Helsing spesialist i sexologisk rådgivning (NACS), ung.no

Besvart: 12.3.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål