Eg vil ha utgreiing for ADHD, korleis kan eg gå fram?
Jente, 18
Hei. Eg er ein jente på 18 år. Eg har tidligere reist til legen for å bli henvist og få utredning for adhd. Det blei avslått. Eg fekk seinare lese kva legen min skreiv og kva han sendte til dei psykologane, og eg er svært ufornøyd. Alt eg fortalte legen min blei trykt ned og gjort til uviktig. Er ikkje rart d blei avslått. Seinare klagde eg og fekk dei til å vurdere saken min igjen, men då blei det avslått igjen. Eg blei veldig sint og frustrert for eg meiner virkelig det er noko gale med meg. Derfor sendte eg ein e-mail til dei som vurderte saken om. Eg forklarte heile situasjonen og korleis eg opplever det å “ha” adhd. Det har gått to månader og dei har fortsatt ikkje svart. Eg veit ikkje kva eg skal gjere for eg klarer ikkje å leve sånn her lenger. Alt er berre så vanskelig og når eg prøver å snakke med nokon om at eg trur eg har adhd så blir det berre tykt ned. Eg føler meg veldig håplaus og eg er kjempe sliten av å ha det sånn
Svar
Hei og takk for at du kontaktar Ung med spørsmålet ditt.
Det er normalt at du kjenner deg frustrert og sliten i ein sånn situasjon, men du skal vite at du har gjort mykje rett i saka di. Det er bra at du har klaga på avslaget som du var ueinig i. Når ein har fått avslag på ein slik klage, så skal spesialisthelsetenesta sende han til Statsforvaltaren for ei endeleg vurdering. Viss du ikkje har høyrt noko frå Statsforvaltaren i saka di enno, oppmodar eg deg til å kontakte dei som ga deg avslag og spørje om dei har sendt saka til statsforvaltaren slik dei skal. Du kan og klage saka inn for statsforvaltaren sjølv.
Når det gjeld e-posten du har sendt, oppmodar eg deg til å kontakta dei på nytt og spørje om når du vil få svar. Du kan kontakte dei på telefon, men mange sjukehus har også løysingar for sikker digital kommunikasjon. Du skal finne informasjon om dette på nettstaden til sjukehuset. Vi tilrår ikkje å nytte e-post, dette av personvernomsyn.
Ofte får ein avslag fordi tilvisinga ifrå fastlegen ikkje gjev ei god nok skildring av symptoma og korleis dei påverkar deg i kvardagen. Då kan det vere lurt å snakka med fastlegen, som kan hjelpe med å rette opp i dette, enten i ein klage eller i ei ny tilvising.
Viss du ikkje trur fastlegen kan hjelpe deg, så har du uansett rett til å få snakke med ein annan fastlege i kommunen du bur i. Du kan kontakte ditt legekontor eller dei som har ansvar for fastlegeordninga i kommunen for å få snakke med ein annan lege. Du kan då be denne om å gje deg ei ny vurdering, og eventuelt tilvise deg til spesialisthelsetenesta for ei ny vurdering av om du kan få utgreiing for ADHD.
Du skal også vite at det finnst kommunale tilbod som du kanskje kan ha nytte av. Til dømes kan du ta kontakt med Helsestasjon for ungdom der du bur.
Håpar dette var til hjelp for deg, eg ønsker deg lukke til.
Med vennlig hilsen
Pasient- og brukerombudet
www.pobo.no
Besvart: 31.3.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål