Spørsmål og svar

Korleis kan vi få læraren til ikkje å favorisere?

Jente, 13

Hei :) okey. Fra novermeber cirka so har skulekvardagen min vært forferdelig. Går i 8a og har en mannlig kontaktlærer. 8b har en kvinnelig. Min kontaktlærer (8a) er veldig frekk mot elevane av og til, gir anmerkning for ingen grunn osv. Kontaktlæreren til 8b gjør ting på en spesiell måte som får meg og 2 andre jenter til å føle at ho favoriserer elevane. Eg og dei to andre jentene får anmerkning for ALT vi gjer. Bare vi seier imot læraren når det gjelder uenighet så får vi anmerkning, imens nokon elevar i klassen vår liksom kan tygge tyggis i timen (vi hsr tyggisfri skule), så ber ho dei om å kaste tyggisen, så skjer ingenting meir. Hadde det vert meg eller en av dei 2 andre som hadde tyggis hadde vi fått anmerkning. Når vi skal fortelle det her til læraren meiner ho at vi er frekke imot ho, så seier ho at viss vi ikkje slutter så skriver ho anmerkning på «frekk tone imot lærar». Korleis kan vi få ho til å slutte med favorisering osv. Ho vil ikkje høre når vi prøver å si det til ho!!?

Svar

Hei

For at de skal nå fram med bodskapen, må de gjere det på ein lur måte. 
Viss de vil at ho skal lytte, må de legge det fram på ein skikkeleg og sakleg måte. I tillegg til det, bør de fokusere på det de gjer sjølve, ikkje kva andre gjer eller ikkje gjer.
Med andre ord: Viss de i nær framtid får ei anmerkning for noko de ikkje har gjort, eller føler urettvist, kan du og kanskje ein til ta opp dette. Viss de då føler at de blir lytta til, så har det blitt betring og mindre favorisering. Viss de framleis ikkje blir lytta til, men framleis oppfatta som frekke, kan de ta opp problemstillinga med ein annan lærar. Den læraren vil då vurdere kva som er best å gjere.


Hilsen rådgiver ungdomsskole,  ung.no

Besvart: 28.1.2019

Oppdatert: 28.1.2019

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål