Kvifor verkar ikkje melatonin på meg?
Jente, 13
Hvorfor fungerer ikke melatonin på meg? Eg har hatt veldig mye problemer med søvn, spesiellt i det siste året nå. Eg har flere ganger gått til skulen uten søvn i det hele tatt og nå vet eg ikke hva eg kan gjøre. Eg har ofte angst og begynner å tenke på situasjoner og tenke på dårlige minner før eg sover. Det gjør meg trøtt og den eineste veien eg kan få det til å på ein måte stoppe er å høre på musikk og prøve å roe ned. Men eg kan forsatt ikke sove. Noen ganger er det helt normalt og eg får 5 timer med søvn som er nok for meg men noen genger får eg bare 2 eller 0 timer søvn. Eg har ikke sagt i fra til foreldrene mine ennå, eg vet ikke kordan å snakke med de. Når eg seier eg kan ikke sove gir de meg melatonin eller seier at eg "må bare prøva". Hva kan eg gjøre???
Svar
Hei kjære deg.
Du slit med å sove, og lurer på kvifor melatonin ikkje fungerar for deg.
Melatonin er eit såkalla naturmiddel - det er eit stoff kroppen lagar sjølv, og gjer ein som regel trøytt. Men det verkar nok ikkje like godt på alle.
Melatonin verkar ikkje slik at det "slår ein ut". Så viss ein har store problem med å sove, så kan det vere at melatonin rett og slett ikke er sterk nok. For viss ein ligg og uroar seg, om ein har angst eller tenkjer mange negative tanker, eller har trasige minner og tenker på dei, då vil melatonin kanskje ikkje vere "nok". Det kan då fortsatt hjelpe litt, men kanskje ikkje nok til at ein sovnar.
Melatonin kan hjelpe godt for mange! Men det verkar ikkje direkte mot angst.
Så det kan hende at du heller bør få hjelp til det du tenkjer på før du legg deg? Eg trur kanskje det kan hjelpe meir for søvnen din - anten i staden for eller i tillegg til melatonin.
For om ein har angst, vonde minner osv, er det vanleg å få søvnproblem. Men det fins måter ein kan takle dette på slik at ein får sove.
For det første vil det nok hjelpe mot søvnen viss du får generell hjelp mot angst. Så snakk gjerne med helsesjukepleier og aller helst med fastlegen din om dette. Du kan til dømes bli henvist til psykolog, psykiatrisk sjukepleier eller andre som kan hjelpe deg med angsten.
Hos lege (og helsesjukepleier) kan du uansett få gode råd for å få sove. Nokre råd handlar om å ikkje bruke skjerm 1-2 timar før leggetid, å ikkje snu døgnet i helgane osv.
Men ein kan også få råd om angst og vonde tanker før leggetid. Det fins teknikkar og metoder ein kan lære, slik at ein lettare får sove. Det kan nok ta litt øving før ein får det til, men viss du er plaga med angst, er det uansett lurt å lære seg å takle angsten. Det får du god bruk for resten av livet og i mange situasjonar.
Så mitt råd til deg, no som melatonin ikkje verkar nok, er at du snakkar med helsesjukepleier og/eller lege. Der kan du få gode råd for å få sove. Det er lurt å få hjelp mot angst og vonde minner, og det er lurt å lære seg teknikkar for å få sove.
Du kan få hjelp med foreldra dine til å gå til helsesjukepleiar eller lege. Men du kan også gå til deg utan at foreldra dine er einige, og utan at dei får vite det. Viss foreldra dine ikkje vil ta deg med til lege, kan du gå sjølv. Du har rett til det når du er 13 år!
Eg håper det ordnar seg raskt for deg!
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 16.2.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål