Spørsmål og svar

Hatar gym, kva skal eg gjere?

Jente, 14

Hei, eg har eit problem... eg hater gym. Grunnen til dette er at ofte når vi har gym så deler vi opp i to. Så når vi har gym trenger vi vester. Mitt problem er at disse vestene er ikkje så store. Så min vest passer ikkje. Den sitter stramt på meg så eg tør ikkje å bruke den. Eg tar den rundt halsen, men det liker ikkje dei andre i klassen. Dei sier» kan du ikkje bare ta den på deg?» Eg vil ikkje snakke med ein voksen om dette. Hva skal eg gjøre? Det er ikkje så lett når vi har gym 1-2 ganger i uken også skal eg gå å grue meg hele tiden..( Det er ikkje forskjellig størrelse på vestene) Takk for svar:)

Svar

Hei

Eg ser ei løysing, men eg ser òg at det inneber noko du ikkje har lyst til. Løysinga er å seie til gymlæraren din, ev. kontaktlærar, at vestane rett og slett er for små. Det kan godt hende det er fleire enn deg som gjerne skulle hatt større vestar. Skulen kan då kjøpe inn rikeleg med vestar, og kanskje legge vekk nokre av dei gamle. Dette er ein enkel ting for skulen å ordne opp, men dei er nødt til å bli klar over problemet. 
Sidan dette mest sannsynleg vil kunne bidra til at du ikkje brukar masse krefter på å engste deg for gym, så synes eg du skal seie i frå om dette, ev. kan du be mamma eller pappa om å ta kontakt.


Hilsen rådgiver ungdomsskole,  ung.no

Besvart: 2.12.2020

Oppdatert: 2.12.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål