Spørsmål og svar

Eg e heilt ifrå meg, har funne ut at eg e bipolar og vil bare ta livet mitt

Jente, 19

Eg e heilt ifrå meg. He fonne udav at eg e bipolar og vil bare ta livet mitt heile tida. Det e ingen hjelp å få når eg slide med å stola på andre. Det bli for tungt å blotta situasjonen min for andre då. Eg sidde her med syge angst anfall og vett ikje kå eller kor eg ska gjør av meg

Svar

Hei, kjære deg!

Det høyres ut som du har veldig mykje å tenke på no.

Kanskje er det slik at du nettopp har fått vite at du har bipolar lidelse og at det er vanskelig å ta innover seg at du har fått ein diagnose. Eg vil gjerne seie til deg at det skal gå heilt fint sjølv om du har funne ut at du har bipolar lidelse. Du er jo fremdeles den samme berre at noen har satt "tittel" på vanskane du gjerne har kjent at har vore der ei stund. 

Eg vil gjerne fortelle deg at eg snakkar med mange som har bipolar lidelse og dei lever gode liv. Nokon trenger litt tid på å bli kjent med diagnosen og kva "varselsteikn" ein må vere obs på hos seg sjølv for å kunne forebygge dei største svingningane som følger med lidelsen og nokon vil trenge hjelp av medisiner. Bortsett frå dette så vil mye vere heilt likt som før og du trenger ikkje å få det vanskeligare enn du har hatt det. Tvert imot kan det vere godt å få satt tittel/diagnose på vanskar slik at ein kan få hjelp til å takle dei.

Det er kanskje slik at det kom litt brått på deg og at du derfor ser føre deg at dette ikkje skal gå bra eller at andre ikkje skal kunne hjelpe. Du forteller at du ikkje stoler på andre og at du sliter med å blotte situasjonen din til andre. Eg veit ikkje heilt kva du legg i dette - men det er nok slik at det er lurt om du forteller til dei du har som hjelper deg (kanskje dei som har stilt denne diagnosen) om korleis du har det slik at de sammen kan finne gode måtar for deg å forholde deg til dette på.

Du forteller at du har angstanfall og det er slitsomt og tungt å ha det slik. Heldigvis går angstanfall alltid over. Det er vondt når det står på. Det er lurt å snakke med din behandlar om dette. Det finnes god hjelp å få for å takle angst/angstanfall. 

Det er også spesielt viktig at du forteller om dine tanker om å ta ditt eget liv. Dette er alvorleg. Mange kan få tankar om å ta sitt eige liv når dei ikkje veit korleis dei skal takle livet. Det finnast alltid hjelp å få og du skal ikkje måtte ha det slik som du har det no. Treng du å snakke med nokon med ein gong kan du ringe Hjelpetelefonen på 116 123. Du kan også ringe legevakt dersom du treng hjelp med ein gong, det er telefonnummer 116 117.

Ønsker deg alt godt og masse lykke til. 

Med vennlig hilsen psykologen 

Besvart: 3.5.2021

Oppdatert: 3.5.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål