Spørsmål og svar

Kjæresten har nyresvikt. Kan eg donere nyre, sjølv om eg er 15 år?

Jente, 15

Hei, kjæresten min gutt 16 er i fare/har nyresvikt og ej lure på om ej kan donere ei nyre til han sjølv om ej berre e 15, ej he prøvd å googla d men ej fe berre opp forskjellige svar so ej e usikker på om ej kan

Svar

Hei kjære deg.

Så leit å høyre at kjæresten din er sjuk og har nyresvikt. Eg synes det er veldig fint å høyre at du ønsker å hjelpe han.

Ein må vere fylt 18 år for å kunne donere ei nyre. Difor kan du dessverre ikkje donere.

Så må ein i tillegg vere ganske nær den personen som skal få nyra. No er du kjæresten og sånn sett er du ganske nær. Men eg trur at ein må ha vore saman i ei god stund, og ha hatt eit langt og stabilt forhold, før ein får donere til ein kjæreste.

Desse reglane er slik fordi det er ein del risiko involvert i å donere ei nyre. Når ein har to nyrer, som vanleg, kan ein tåle å bli litt nyresjuk, fordi den andre nyra tek over oppgåvene til nyra. Men med kun ei nyre att, risikerer ein å sjølv få nyresvikt, om ein blir sjuk. I tillegg er det ein del risiko ved opeasjonen osv. Difor er det ganske strengt kven som får donere nyre.

Men eg tenker at det er mange måter å hjelpe ein kjæreste på. Det at du støttar han og er er for han, vil nok hjelpe han veldig mykje no som han er sjuk. Så eg synest du skal ta til deg at du allereie gjer mykje godt for han i denne vanskelege tida.

Mange synest det er tøft og vanskeleg, når nokon dei er glad i, blir alvorleg sjuke. Då kan det hjelpe å snakke med nokon. Så snakk gjerne med dine foreldre eller andre gode folk rundt deg. Du kan også prate med lege eller helsesjukepleiar.

Eg ønsker deg og kjæresten din alt godt framover, og håper det ordnar seg for kjæresten din!

Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 9.1.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål