Har hatt intens trang eller lyst til å pille/skrape på sår/kviser lenge
Jente, 17
Hei, eg har vært plaga med noke sia eg var lita. Eg e litt usikker på om det er så alvorlig at eg må til legen eller om eg kan snakke med psykologen min osv. Heilt sia eg var liten so har eg hatt ein veldig intens «trang» eller «lyst» på å pille/skrape på sår, kviser osv. Både mamma og søstrene mine har sagt fleire ganger at eg må stoppe, men eg klare ikkje. Det er ikkje begrensa til berre sår, men f.eks. klistremerker, plakater, teip eller noke som er løst og er lett og pille på/heilt av. Eg har no permanente arr på ryggen, i ansiktet og på armer og bein, eller der eg har fått sår. Eg berre lure på om dette eg burde ta opp med legen min eller ein psykolog
Svar
Hei du!
Så fint at du tek kontakt. Ja, dette kan du godt snakke med psykologen om.
Det å "plukke på" ulike ting som t.d sår, skorper, hud, hår, bite negler og liknande handler gjerne om regulering og uro. Altså at ein prøver å finne ro ved å regulere følelsar gjennom denne plukkinga. Kanskje dette gir meining for deg. Det finst mange andre metoder å regulere følelsar på som vil fungere betre på lang sikt og som ikkje vil gi arr og eventuelle smerter. Dette kan det vere lurt å drøfte med psykolog.
Det vil typisk omhandle å bli god på å gjenkjenne når trangen til å pille, pirkle, skrape oppstår og så sette inn ein alternativ respons - altså gjere noko som ikkje er forenelig med pillingen/pirklingen/skrapingen. Dersom det f.eks er slik at du ønsker å ikkje pirkle på eit sår på huda kan ein alternativ strategi vere å knipe hendene hardt saman (knytteneve) og gjere dette til trangen går over og i minst eit minutt (telle til 60). Du kan etterkvart opparbeide evnen til å bryte med trangen.
Gode tips og råd til korleis å jobbe med slik type trang kan ein finne i denne boka. Boka rettar seg spesifikt mot trikotillomani ("hårnappingslidelse") men metodar ein går fram på kan også brukast på andre former for "plukketrang".
Ønsker deg alt godt og masse lykke til.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 30.4.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål