Spørsmål og svar

Var det eg kjente ein orgasme?

Jente, 14

Når eg fingrer og tar på klitoris får eg rykninger og får ein rar følelse. Det er då lurer på er om det er orgasme?

Svar

Hei!

Ja, det kan vere at det du kjenner er ein orgasme.

Folk kjenner og opplever orgasmer på ulike måter. For nokre kan ein kjenne orgasmen som ei svak kiling i tissen som raskt går over. Andre kan kjenne den som kraftige, intense kjensler som går gjennom heile kroppen og varer lenge. Den kan og opplevast som ein mellomting av dette.

På veg til orgasmen, altså rett før, kan ein få gode kjensler elles i kroppen og. Alt kan kjennast veldig intenst og ein kan rykke i kroppen. Fortsetjer ein med det som kjennes godt, vil dei sterke og gode kjenslene bli endå betre og utvikle seg til ein orgasme.

Prøv deg fram og kjenn etter kva som fungerer for deg.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 1.2.2025

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål