Spørsmål og svar

Får eg eigentleg orgasmer når eg har samleie?

Jente, 16

Eg og typen har hatt sex mange ganger. Vi har det hver gang vi er i lag så det blir rundt 2-3 ganger i veka. Før eg begynnte å ha sex har eg utforska mykje meeigeb kropp og eg likte best å stimulere klitoris då oppnår eg alltid god orgasme. Men når vi har sex er det veldig godt og eg har kommt, men det er ifte vansklig å vite synest eg om eg er kommt eller om det bare var veldig godt. Det er ikkje den same følelsen som med klitoris, eg kan òg fortsette etter eg har kommt uten ubehag i forhold til klitoris. Er det vanlig. Pleier og å bruke henda litt under sex på klitteb men føler ofte det ikke er nødvendig fordi det er veldig godt lsm. Bare føler ikkje jeg får den samme følelsen der eg vet 100% eg er ferdig

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.

Slik du fortel om erfaringane dine med å onanere og å få orgasmer, virker det som om du veit korleis du kjenner det i kroppen når du får orgasme. Nokre gonger kan ein orgasme kjennes sterk og kraftig, andre gonger som ei svak kiling som raskt går over.

Omlag 70% treng å få stimulert den delen av klitoris som er synleg på utsida av kroppen for å få orgasmer. Dei fleste får altså ikkje orgasmer av eit samleie, men kan likevel like kjensla det gjev og oppleve nyting.

Det du skildrer i spørsmålet ditt kan anten være slik du opplever det om du får vaginale orgasmer eller så liker du kjensla du får medan de har samleier, utan å få orgasmer.

For å finne ut av det kan det vere fint å stimulere klitoris sjølv medan partnaren din har fokus på skjeden. Då vil du mest sannsynleg finne ut korleis du opplever å få orgasmer medan du har samleier.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 27.4.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål