Korleis kan eg onanere på nye måter?
Jente, 14
Hei! Eg har et spørsmål som jeg har hadd for et stund. Er det noen posisjoner som man kan bruk når man onanere? Jeg har lyst å prøv noe nytt og har hørt om nokka som heter for cross legs method og eg lurer på hva det er.
Svar
Hei!
Det er mange måter ein kan onanere på og "cross leg method" er ein av dei. Då presser eller gnir ein låra mot kvarandre for å skape friksjon og trykk i underlivet/bekkenbunnen. Dette kan nokon oppleve ekstra godt når ein onanerer.
Her er nokre onantips:
- Bruk hovudet på dusjen. Set strålen på, eller ved sidan av klitoris. Pass på å ikkje bruke for varmt vatn slik at ein vert brent eller trykket vert for hardt.
- Nokon kan like å ta ein eller fleire fingre i skjeden samstundes som ein masserer klitoris.
- Det kan kjennast godt ut å føre hudfolden over klitoris fram og tilbake over hovudet på klitoris.
- Ein kan like å bruke mykje spytt eller glidemiddel, eller ikkje noko i det heile.
- Det kan kjennast godt ut å stimulere rett på eller ved sidan av klitoris.
- Prøv å føre ein fuktig finger opp og ned på sida av den ytre delen av klitoris.
Som regel er det enklaste det beste. Legg deg i ei stilling du kjenner du kan slappe av i. Bruk fantasien din, bli kjent med kroppen din og prøv deg fram med ulike måter å fingre og onanere på. Då vil dei gode opplevingane kome.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 19.10.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

