Spørsmål og svar

Kvifor klistrar augevippene mine seg saman?

Gutt, 19

Hei! Eg har i mange år opplevt at augevippene mine fester seg saman når eg blunker. Altså at augevippene oppe og nede tvinner seg saman og sit fast i kvarandre. Det skjer for det meste på yttersida av auget, men er likevel ganske irriterende. Den siste tida har det gått frå å skje innimellom til nesten ved kvart blunk. Folk har også spurt kvifor eg tek på augelokket heile tida. I hovudsak er det venstre auge som dette skjer på, og for det meste på yttersida av auget. Likevel skjer det fleire gonger at augevippene midt på auget også fester seg saman. Dette har vorte svært irriterande, og noko eg bruker mykje tid på kvar dag for å prøve å rette på. Eg veit at de ikkje kan diagnostisere eller behandle meg. Men kan de sei noko om om dette er heilt normalt og noko som alle har, eller om det er noko som ikkje er heilt normalt.

Svar

Hei!

Du opplev at augevippene dine oppe og nede klistrar seg samen.

Dette er nok ikkje heilt vanlig.

Ellers dvs - det er vanlig om ein har augebetennelse, betennelse på augekanten/vippene eller kanskje også ved kraftig allergi og hovne, rennande auge. Det kan òg hende at det fins andre, sjeldne tilstandar der dette skjer.

Eg skjøner at dette må vere irriterande. Vi er trass alt avhengige av at augene våre held seg åpne så vi ser godt.

Du har rett i at vi her på ung.no ikkje kan stille diagnoser eller gi konkrete råd om behandling. Eg kan heller ikkje seie sikkert kva årsaka til dette er hos deg, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv.

Så mitt råd er at du går til lege. Der kan du få ein sjekk og eit konkret svar. Om om du treng det, får du også behandling. Skuldast dette til dømes augebetennelse eller ein betennelse langs vippekanten, fins det medisinar mot det.

God betring!

Alt godt! Vennleg helsing lege, ung.no

Besvart: 24.4.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål