Hopp til hovedinnholdet

Og så veit eg nok ein gong ikkje heilt kva eg skal gjer... Altså; eg likar ein fyr, som sei...

Still spørsmål
account_circle

SPØRSMÅL

Og så veit eg nok ein gong ikkje heilt kva eg skal gjer...

Altså; eg likar ein fyr, som seier (eller _har i alle fall sagt) at han likar meg òg. Derfor har vi møtt kvarandre 3-4 gongar, og berre snakka og vore med kvarandre og sånn.
I går så var vi på samme sånn ungdomsklubb-greie, og det var første gong eg såg han på 1 måned eller noko, sidan han har vore vekke og sånn. Han virka jo litt glad for å sjå meg då, og gav meg ein god klem. Etter det så sat eg ved sida av han store delar av kvelden, og han var like nydelig som alltid.

But the thing is... eg sjølv synest jo sjølv at vi kjenner kvarandre ganske godt etter kvart, og det trur eg han òg syns. Men altså; korleis skal eg får det til å skje noko meir? Kvar gong vi møtest så får eg jo ein klem og sånn, men det er òg alt. Han er liksom ikkje borti meg på nokon annan måte, berre på kødd og sånn.
Eg veit at fyren har null komma null erfaring, og at han til tider er ganske så usikker på seg sjølv(akkurat som meg), så eg håpar liksom at det kan vere ltt av grunnen. Eg vil jo helst ikkje gå rundt og tru at han ikkje _vil vere borti meg og sånn. ^^ Likevel lurer eg heile tida på om han virkelig _vil ha meg, eller om han egentlig ikkje bryr seg i det heile.

Men altså, kva kan eg gjer egentlig? For å få noko meir til å skje?
Eg trur vi har ei slags avtale til veka, og eg får berre meir og meir panikk(?) kvar gong vi møtest og han ikkje visar noko teikn til å ta eit steg vidare... Og for kvar gong blir eg berre meir og meir sikker på at "no er han lei meg, no gidd han ikkje vere med meg meir, ånei, no hastar det!" osv.

Eg blir så teit når eg er forelska.
Hjelp meg litt, værsåsnill? :)

SVAR

Besvart 24.03.2009 06:47:50
account_circle