Hopp til hovedinnholdet

Kjærasten har det svært strengt og har ikkje religionsfridom. Er det rett?

Still spørsmål
account_circle

SPØRSMÅL

God dag! Kjærasten min er sytten år, og truleg som fylgje av at ho nærmar seg 18, vert foreldra hennar stadig strengare og strengare. Til dømes kan dei finna på å setja inne-tid på sju-åtte om kvelden, båe kvardag og helg, ho har ikkje lov å vera borte meir enn eitt døgn, og ho får ikkje lov å vera heime frå skulen (dette gjelder og viss ho har feber og er skikkeleg dårleg) utan å få tiradar av kjeft til langt på natt. (Og deretter kjeft for søvnlausheit) I kveld fekk ho ikkje lov å forlata huset før ho skifta livssyn. Livssynet hennar har ho hatt i fem år, og det vil truleg ikkje endra seg i laupet av ein kveld. Dessutan skal ho vera med meg og familien på haustferie, så me skal opp tidleg, og at ho truleg ikkje kjem fram til meg før langt ut på natta, er sjølvsagt svært upraktisk. Samstundes veit eg at det er vanleg at foreldre gjev forbod eller påbod av livssyn dei likar/ikkje likar, uansett alder, det kjennar eg mange dømer på. Allikevel seier ein at det er religionsfridom i Noreg. Når startar denne religionsfridomen? Og kva gjer ein viss han vert brote? Er det noko å gjera? Det hjelper jo lite at det er ein lov når ingen treng å bry seg om han.

SVAR

Besvart 01.10.2012 10:39:47
account_circle