Korleis kan eg få vite kva som ligg bak karakteren?
Jente, 13
hei:) Me har nettopp fått julekarakterane våras og det er noko eg lurar på. Eg har fysisk aktiver og helse som valgfag. Me er bare ein stor gjeng på fysisk med alle klassane, totalt 53 elevar. Me har forskjellige grupper kvar gong, bruker å bli delt i to oftast. Dermed har jo ikkje lærarane så god kontroll på kva me gjør, korleis me er og kva me får til. Lærarane veit ikkje navnet våras eingong, kaller oss bare «du med rosa» osv. No kjem eg til det eg lurar på, korleis kan dei setta karakter på det? Eg fikk 5 i gym, og 4 i fysisk.... Dei har jo ikkje peiling på kven som er kven og sånn, og eg har ikkje vert noko dårlegare i fysak! Eg skjønn verkeleg ikkje korleis karakterane har blitt satt..... Kva kan eg gjøre og kan eg klage?
Svar
Hei
Du har rett til ei undervegsvurdering som fortel deg kva du får til, og kva du skal bli betre på. Ein terminkarakter skal ikkje kome som ei overrasking, for du skal vite omtrentleg korleis du gjer det i faget.
Det du skal gjere er å spørre ein eller begge lærarane i faget om kva som ligg bak karakteren din. Du bør òg spørre om kva som skal til for at du skal gjere det betre i komande termin.
Hilsen rådgiver ungdomsskole, ung.no
Besvart: 17.1.2021
Oppdatert: 17.1.2021
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål