Spørsmål og svar

Eg fekk vondt i penisen sist eg runka, har eg skada den permanent?

Gutt, 17

Hei! Det er litt over 2 veker sidan eg onanerte sist og då holdt eg på ei god stund, rundt 2 timer med nokre små pauser inn i mellom fordi eg vil læra meg å holde ut lenger. Mot slutten blei det litt ubehagelg. Eg fekk ikkje akkurat vondt i penisen, men det var ikkje ein behagleg følelse og orgasmen blei ikkje god. Siden den dag har eg ikkje onanert, eg har ikkje blitt særlig kåt og eg får ikkje ereksjon like ofte som eg pleide før det. Eg er redd for at eg kanskje har "ødelagt" penisen min og ikkje får den opp når eg skal ha sex med ei jente. Det har vert perioder der eg ikkeje har vert kåt før, men aldri så lenge som dette. Kan det ha skjedd noko gale som har ført til at eg ikkje blir kåt eller er det berre ein periode der eg ikkje er kåt som er lengre enn vanlig? Takk for svar på forhånd :)

Svar

Hei!

Det er ikkje rart eller uvanleg at det kan svi i penis om ein har onanert så lenge som du fortel om i spørsmålet ditt. Runker ein lenge, kan det oppstå ein irritasjon ytterst i urinrøret. Dette kan svi og skape ei dårleg kjensle. Orgasmen vil kjennes annleis og det kan svi ekstra når utløysinga skjer. 

Dette er ikkje godt, men ikkje farleg. Om du tek ei onanipause nokre dager, vil det roe seg og gå over av seg sjølv.

Har ein opplevd smerter og ubehag av å onanere, vil ein bevisst eller ubevisst, grue seg fordi ein ikkje ynskjer å få det vondt igjen. Difor unngår ein å kome dit det blir aktuelt med sex eller onani. 

Det betyr at ereksjonene dine og penisen din vil bli heilt fint og i orden etter at nokre dager pause. 

Håper svaret var til hjelp for deg.

Hilsen sexologisk rådgiver - NACS

Besvart: 13.3.2021

Oppdatert: 13.3.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål