Spørsmål og svar

Kan 13-åring bestemme sjølv om ho kan vera hjå mor om mor er borte?

Annet, 13

har eg som 13åring lov til og bestemme selv om eg vil ver sjå mor elle far selv viss eg vil ver sjå mor men mor ikkje er heima, eller sover på dagen pga jobben, kn eg då vær der?

Svar

Hei

Hei - og takk for at du skriver til oss!

Du lurar på om du sjølv kan bestemma at du kan vera hjå mor dersom ho ikkje er heime eller søv etter arbeid. Etter lova er det slik at når ein er 12-16 år så har ein rett til å bli høyrt og foreldra skal leggje stor vekt på det ein ynskjer. Det innber at foreldra skal vurdera nøye om det er mogeleg å få det til slik ungdommen ynskjer. Likevel er det foreldra som tek den endelege avgjerda. Og det er foreldra som skal koma fram til ei endeleg avgjerd i lag - og dei skal vera samde. 

Er det mogeleg at du og foreldra dine kan setja dykk ned i lag og tala saman om dette? Kan hende er det noko som er misforstått eller tenkt feil/annlein enn det som er tenkt? Dersom du trur dette blir for vanskeleg for dykk - er det mogleg at nokon i familien eller vener kan hjelpe dykk med ei slik samtale?

Dersom du trur dette ikkje vil nytte, kan du/de kontakte familievernkontoret og be om at de får kome dit til samtale. Der er dei vande med å hjelpe til med å drøfte og koma fram til avtalar. Der kan du samtale aleine óg om du ynskjer det.

Lykke til!

Mvh

familieterapeuten

 

 

 

 

Besvart: 3.6.2021

Oppdatert: 3.6.2021

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål