Har det dårleg og er redd for å vise følelser
Jente, 16
Hei, hadde ikkje sagt at eg sliter veldig fordi livet kunne ha vært verre, men i det siste har eg berre hatt det dårleg. Eg trur det er mest mentalt men eg stresser på tanke av familie økonomi, familie, tanker om død osv. Eg føler meg og veldig ensom, eg har venner men når det gjeld familie og sånt så snakker eg så vidt med dei. Hjelper ikke at eg eldst av søsknene og eg er da den som trenger minst oppmerksomhet siden eg er eldst. Hjelper og ikkje at eg er redd for å vise følelser, eller snakke om meg selv, trur at etter so lang tid hadde eg berre begynt å hylgrine om eg gjor det. Å vise følelser får meg til å føle egoistisk. I vennegjengen snakker vi ikkje masse om følelser heller. Det er ikke sånn at problema mine er so vanskelige men eg vil berre ha en klem noen ganger. Føler meg forsatt som et liten unge.
Svar
Hei
Sjølv om du skriv at livet kunne ha vært verre, synest eg det er flott at du tek kontakt når du har det så dårleg med bekymringar og ensomhet.
Det er vanleg at vi i periodar av livet kan ha mykje bekymringar. Det som ofte hjelper oss då, er å kunne dele bekymringane våre med nokon. Dei blir ofte mindre når vi får satt ord på dei.
Du skriv at å vise følelsar får deg til å kjenne deg egoistisk. Eg tenkjer at det ikkje er noko egoitstisk ved å vise følelsar, det er noko som alle har eit behov for. Noko heilt naturleg.
Eg vil anbefale deg å finne nokon som du kan snakke med om bekymringane dine, som du stressar med, og korleis du har det. Kanskje kan du prøve å snakke med foreldra dine. Sjølv om du er eldst, har du også behov for oppmerksomhet. Eller du kan snakke med andre vaksne du er trygg på eller helsesjukepleier på skulen.
Som med så mykje anna er det å snakke om følelsar noko som ein kan øva seg på. Eg er sikker på at du vil kunne klare dette. Da vil du også føle deg mindre ensom.
Ønskjer deg masse lykke til!
Spesialvernepleier i psykisk helse
Besvart: 15.3.2024
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


