Eg angrer på at eg såg porno.
Jente, 13
Hei. Eg blei vist ein porno film av ein eldre person når eg var 11-åring og eg ville vera litt nyserig og gå innpå der men, no får eg ikkje det ut av hovudet mit men, eg trur det har blit bedre men, eg angrer.
Svar
Hei!
Av og til skjer det at ein er med på eller gjer ting som ein angrer på i ettertid. Ein kan kjenne at ein skammer seg og få dårleg samvit. Nokre kan i tillegg kjenne det i kroppen som hovudverk eller kvalme.
Sjølv om det ikkje er greitt å ha det slik, er det på denne måten ein lærer i livet. Får ein det dårleg med noko ein har vore med på, vil ein ikkje gjere dette på nytt. For deg, kan dette til dømes bety at du ikkje vil sjå på porno att.
Har ein det vanskeleg med noko, er det fint å få hjelp til å få bort tankane sine. Då er det fint å ta ein tur innom helsestasjon for ungdom i kommunen din. Der kan då få hjelp til å forstå at du ikkje har gjort noko gale.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 3.2.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

