Spørsmål og svar

Korleis kan eg velje kva gutt eg vil vere med?

Jente, 14

okei så eg har et problem når det kommer til klassen min og guttene, fordi eg har vært keen på en gutt en liten stund og vi er blitt ganske gode venner, og vi snakker ganske mye og sånt, MEN så pluttselig en dag kom en annen gutt i klassen eg synest er litt kjekk bort til meg og snakker, dytteflørter, tar på meg ( sånn vanlig når man flørter, ikke noe sånt overgrep liksom) og dette er veldig vanskelig fordi begge er liksom på og eg kan faktisk ikke bytte på å flørte med to gutter, hva skal eg gjøre? tror begge e litt keen på meg haha, har hengt meg oppi noe vanskelig no.

Svar

Hei! Eg forstår godt at dette er forvirrande og det er vanskeleg å velje kva gutt du vil vere med. Du har småflørta med begge to og trur kanskje at dei begge likar deg også.

Det er ingen fasit på kven du burde vere med. Det er lurt å velje ein av dei, slik at du viser at du også er interessert, men du treng ikkje å velje heilt enda. Det er heilt greit å sjå an litt steminga med begge og finne ut kven du likar best.

Akkurat no har du jo meir kontakt med ein av dei, og du kan finne ut om det er noko meir der. Kanskje de kan finne på noko saman, og så kan du kjenne på korleis kjemien er mellom dykk og om du vil vere meir saman med han. Om du derimot kjenner at du heller skulle ha vore ein annan stad når du er saman med han, er det eit teikn på at du kanskje ikkje er så interessert.

Han andre har du flørta litt med, og du kan jo prøve å prate meir med han for å sjå korleis kjemien er mellom dykk to. Får du lyst til å prate meir saman med han eller vere nær han?

Kjenn litt ekstra på eigne kjensler når du er i nærleiken av dei. Når du er aleine, kven av dei vil du helst prate med eller vere saman med? Det gir deg ein peikepinn på kven du burde velje.

Hilsen Ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 6.10.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål