Er det normalt at forhuda sit fast i penishovudet? Kva kan eg gjere?
Gutt, 14
Hei, lurer på om det e normalt at forhuda sitter fast i penishodet, eg kan dra forhuda tilbake men forhuda e liksom limt til penishodet så ser bare halve, såg i 2024 and then sprakk opp på en måte, sann at forhuda løsna litt, korleis kan eg fikse ditta?
Svar
Hei!
Det er ikkje uvanleg at forhuda kan sitje fast i penishovudet. Men det er ikkje bra likevel!
Ein skal kunne dra forhuda heilt tilbake - ellers er det den for trang. Trang forhud er ganske vanleg i din alder, men det bør fiksast.
Viss ein har trang forhud, kan det skje at forhuda gror litt fast på penis. Ein kan også få betennelser, som kan gjere at det gror meir fast. Ein bør vaske (med vatn eller mild såpe) under forhuda minst ein gong om dagen. Ved trang forhud blir det ofte vanskeleg å få vaska under forhuda, noko som gjer at den faktisk blir enda vanskelegare å få dratt bakover.
Viss ein har trang forhud, kan ein prøve forsiktig, men ein bør ikkje dra forhuda hardt tilbake. Det kan gi sår og problemer, som du har fått sjå.
Det fins behandling for trang forhud. Ein prøver ofte med ein sterk krem først (påføre den så godt ein kjem forhuda). Dette hjelper mange. Viss det ikkje hjelp nok, kan legen vurdere operasjon eller eit lite "kutt", alt ettersom kva som trengs. Det fins ulike former for trang forhud, så her må ein vurdere i kvart enkelt tilfelle.
Vi på ung.no kan ikkje stille diagnoser, og vi gir ikkje konkrete råd om behandling. Då må ein til ein lege som kan undersøkje ein fysisk.
Sidan du ikkje får dratt forhuda heilt tilbake, vil eg anbefale at du går til lege. Der får du ein sjekk, og eit heilt sikkert svar på korleis dette er hos deg. Då kan du også få behandling og hjelp, om du treng det.
Du kan gå til lege åleine, og utan samtykke/godkjenning frå foreldre, når du er 14 år. Men det er også vanleg å få hjelp fra foreldre med å få legetime osv. Foreldre kan f eks bestille time, og så bestem du om dei skal bli med inn på timen eller ikkje. Dei kan også gå ut akkurat når legen skal undersøkje deg. Det er vanleg både å gå åleine og å gå med foreldre i din alder, og begge deler er lov.
Gå helst til fastlege, men du kan også gå til lege ved Helsestasjon for ungdom. Les meir om dette i artiklane nedanfor.
For leger er det daglegdags å få spørsmål om trang forhud, for det er veldig vanleg. Så får leger er dette ikkje noko flaut. Også foreldre veit at dette er vanleg. Kanskje har du hatt dette som liten/barn også, slik at dei alt veit at du har det?
Uansett bør du få ein legetime for dette. Då hindrar du at det blir verre, og du unngår betennelser, eller problem med onani/sex.
God bedring!
Alt godt! Venleg helsing lege, ung.no
Besvart: 18.5.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål




