Hopp til hovedinnholdet

sett litt på om vi skal søke frifondsstøtte

Jente 18 år
 

Spørsmål

Heisann! Vi er ei gruppe (ca 16-20 stk) i alderen 14-20 år + to vaksne over 30 som har tenkt oss til Ungarn til sommaren. Vi er medlem av speidarane(ei av landets største og mest aktive speidargruppe) og vi har ei vennskapsgruppe i Ungarn vi gjerne vil besøke. Vi tenkte å søke på støtte hos Europakommisjonen, og vi har sett litt på om vi skal søke frifondsstøtte. Veit de om nokre andre andre vi kan søke støtte hos? Vi har tenkt til å lage eit skikkeleg opplegg. Vi vil f.eks prøve å få til å lage ein slags dokumentar, og vi skal besøke ein barneheim i Romania og eventuelt finne noko på med ungane. Vi skal også besøke ein vidaregåande skule i Ungarn og sjå korleis det er der og forskjellar på norsk og ungarsk skule. Dersom vi lager det til litt meir konkret, trur eg vi fint hadde greidd å få støtte av Europakommisjonen, men vi vil gjerne søke om støtte også andre stader. mvh ei speidargruppe på Vestlandet!

Dette spørsmålet og svaret er mer enn ett år gammelt. Endringer i lovverk og regelverk kan ha skjedd etter den tid.
 

Svar
Hei, og takk for spørsmålet ditt! 

 

I tillegg til Frifond kan du kontakte Aktiv Ungdom. Aktiv Ungdom er EUs ungdomsprogram for ikkje-formell læring. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 30 år og dei som jobbar med ungdom. Aktiv Ungdom fordeler 16 millionar kvart år til ungdomsprosjekt i Noreg og i Europa.

Kan hende dei vet om noe da dei har god oversikt over ei rekke prosjekt for frivillig arbeid der ungdom bidrar.  Du finn kontaktinfo på lenka.

 

Lukke til med spanande prosjekt!

Hilsen utdanningsrådgiveren, Ung.no

Fikk du svar på det du lurte på?

Spørsmål og svar som ligner


Tilbake til spørsmål og svar om Frivillig arbeid
Tilbake til spørsmål og svar
Les artikler om frivillig arbeid