Hopp til hovedinnholdet

Hei! Eg har valdelege foreldre etter mi meining. Far min slår meg hardt fleire gongar ofte utan grunn,låser meg ute og slår memg når eg sit for mykje på data. Mor bryr seg ikkje,og no har også bror min byrja å slå.    Eg har tenkt på barnevernet, men lurer på kva som vil skje med meg om eg tek kontakt med dei?

Gutt 16 år
 

Spørsmål

Hei jeg har voldlige foreldre etter min mening. Far min slår meg hardt fleire gonger ofte utan grunn, låser meg ute på vinteren og slår meg når er sit for mykje på data. Det kan ofte gå over ei veke før eg får den igjen. Mor bryr seg ikkje, men no gar også bror min lært og han begynnar og slå og truar med drap når han ikkje finn ting og påstår at det er eg som har det noko eg ikkje har. Eg har tenkt på barnevernet men då tenker eg kva kjem til å skje med meg? jEg virkelig i nød og set pris på om du kan svare meg

Dette spørsmålet og svaret er mer enn ett år gammelt. Endringer i lovverk og regelverk kan ha skjedd etter den tid.
 

Svar
Hei


Dette er veldig alvorleg.

Og det du blir utsett for er absolutt vald, og det er svært skadeleg og ulovleg. Far din bruker fysisk vald mot deg, og det er ulovleg å bruke vald mot barn. I følgje barneloven er all bruk av fysisk og psykisk avstraffing av barn ulovleg.

 

Og det du beskriv med at mor ser ut til å ikkje bry seg, er noko som ofte hender i familiar der ein forelder er valdeleg. Den andre forelderen som ikkjje er valdeleg, kan ofte oppleve å bli makteslaus, og kanskje ikkje tørre å gripe inn.

 

Og vi ser ofte at det som foreldre gjer, det smittar over på barna. Slik seier vi at vald er arveleg, med at barna også byrjar å gjere det same som forelderen, slik du fortel at broren din gjer.

 

Sidan du er 16 år, er dette absolutt ei sak for barnevernet.

Og eg vil råde deg til å ta kontakt med dei.

 

eg råder deg til å ringe alarmtelefonen for barn og unge (gratis nr: 116 111), dei har opent kvar dag frå 15.00-08.00, og sikrar at du får hjelp der du bur.

 

Dei kan fortelje dei kva barnevernet kan gjere for ungdom i slike situasjonar som deg.

Alarmtelefonen kan setje dei over til barnevernvakta på staden der du bur. (Alle kommunar i landet har ei barnevernteneste, og og barneverntenesta har barnevernvakta som akuttberedskap på kveldstid og i helger.)

 

Du kan lese meir om dette på barnevernvakt.no og på www.116111.no

 

 



Hilsen Psykologen

Fikk du svar på det du lurte på?

Kommentarer fra brukere Kommentarer


Du må fylle inn både navn og tekst for å sende inn skjemaet.

Legg inn en melding!

Obs! Ung.no svarer IKKE på spørsmål i kommentarfeltet. Send inn spørsmål på ung.no/oss

(Kommentaren blir synlig ved redaksjonens godkjenning. HTML-tagger fjernes)

Spørsmål og svar som ligner


Tilbake til spørsmål og svar om Vold
Tilbake til spørsmål og svar
Les artikler om vold