Bør eg runke?
Gutt, 13
Bør eg runke?
Svar
Hei gutt 13!
Ja, det er ein fin ting å runke! Om ein gjer det, lærer en mykje om seg sjølv. Ein finn ut hva som skal til for å få orgasmer og andre gode kjensler, ein vert meir trygg på seg sjølv slik at det vert lettare å få til sex når ein i framtida skal ha sex med nokon.
Det å runke og få orgasmer, gjer og at ein kjenner seg meir avslappa og roleg i kroppen. Får ein til dømes ikkje til å somne om kvelden, vil det for dei aller fleste hjelpe å runke seg til orgasme.
Når ein er 13, er ein på full veg inn i puberteten. Det er kanskje den perioden av livet der det skjer aller mest med kroppen. Den veks, det kjem hår på deler av kroppen som før var uten og penis byrjer å vekse. Og; ein byrjer å legge merke til kven ein vert forelska i og kåt på. Ein kan kjenne seg kåt stort sett heile tida og for å takle at ein er så kåt, vil det hjelpe å runke regelmessig.
Les gjerne vedlagde artikler for meir informasjon.
Håper svaret var til hjelp for deg.
Hilsen sexologisk rådgiver
Besvart: 20.1.2019
Oppdatert: 20.1.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål