Kor mange ganger om dagen er det normalt å runke?
Gutt, 13
Eg har eit runke problem og lurer på om kor mange ganger dagli som er normalt
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss på ung.no
Når ein er 13 år, er ein midt inne i kanskje den aller mest krevande perioden av livet - puberteten. Dette er tida kroppen endrer seg aller mest, både på inn- og utsida. Ein byrjer å legge merke til kven ein blir forelska i og kåt på. Hormonane raser rundt i kroppen og ein kan kjenne seg kåt stort sett heile tida.
Den beste, og enklaste, måten å takle ein er kåt, er å runke. For nokon er det vanleg og heilt ok å onanere tre til fem gonger om dagen, for andre tre til fem gonger om veka. Alt er stort sett heilt ok, så lenge runkinga ikkje går utover å vere saman med familie, vener og ein får til å gå på skulen og halde på med fritidsaktivitetane sine.
Etter kvart som ein blir eldre, vert det enklare å takle. Kjenslene byrjer å bleikne og ein blir ikkje meir kåt enn at ein takler det heilt fint.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 26.10.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

