Spørsmål og svar

Kven kan hjelpe når ein har det vanskeleg?

Jente, 16

Hei! Eg føler meg ikkje bra om dagen. Eg føle at eg har eit eller anna inni meg som eg ikkje veit Ka er, men som må ut. Har slete lenge med seksualiteten min, og det kan hende at det at eg ikkje har sagt det til så mange, kan ha Noke med det å gjere. Men er ikkje heilt sikker. Føle at det er noke større, som eg ikkje får fram. Klarer å vere rundt folk og eg elsker å vere med vennane mine, men kvar gang er vert åleine so vert eg skikkelig nedfor. Sikkert vanskelig å svare på, men eg måtte berre få da ut. Har egt lyst til å kanskje prate med noken, men tørr ikkje fortelle det til foreldra mine sia dei ikkje veit Noke av ditta, og då må eg nok sikkert fortelle alt til dei, og det har eg ikkje lyst til. Dinna følelsen har komt og gått, og no e den tilbake. Store bølger kjem om kvelden då eg skal sove, og da e umulig å holde tilbake tårene. Treng noken å snakke med, men Kem skal eg gjere da med?

Svar

Hei jente 16 år

 

Takk for at du deler spørsmålet ditt med ung.no!

 

 

Dei fleste av oss vil oppleve periodar der livet føles vanskeleg. Dette er heilt normalt, og for dei aller fleste vil problema løyse seg.

Fint å høyra at du har gode vener som du trives godt saman med. Men nokre gonger er det slik at råd og hjelp frå familie eller vener ikkje alltid strekk til. Då treng ein å snakka med nokon profesjonelle for å få løyst problema sine.

Det fins alltid nokon å snakke med! På skulen din kan du snakke med helsesjukepleiar, eller du kan få ein time hjå fastlegen din. I kvar kommune fins det også ein helsestasjon for ungdom som du kan avtale tid med. Både fastlegen og dei som arbeider på helsestasjonen kan henvisa deg vidare til riktig hjelp, om det vert nødvendig.

Det fins fleire nettstader om du treng nokon å snakke med: https://mentalhelseungdom.no/trenger-du-noen-a-snakke-med/

Legg ved ulike artikler som gjev deg ein oversikt over kven du kan kontakte.

Jo tidligare du ber om hjelp, desto større er sjansen for at du blir fort bra og at problema ikkje utviklar seg.

Ynskjer deg alt godt og lukka til!

 

Vennlig hilsen helsesykepleier, ung.no

Besvart: 5.12.2020

Oppdatert: 5.12.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål