Broren min er 14 år og har ADHD, han har sinneutbrot. Kva skal eg gjere?
Jente, 16
Hei! Eg har ein bror som er 14år gammal og blir 15år i april. Han har ADHD og tar medisin for det, tidlegare har han og hatt kontakt med BUP. I det seinare år har hans sinne utbrot blitt meir voldsomme, men ikkje like ofte. Det ligg ofta ein Anna følelse i boten, men eg blir alikavel reddog bekymra, både for han og andre rundt meg. For no i det siste har han begynt å berre slenge drapstrusler rundt som kvardagskost, til meg og resten av familien min, viss ting ikkje heilt går hans veg. Foreldrene mine er der somregel så han pleier ikkje gjere veldig masse ut av dei, berre slår litt og slikt, men det er kvardags. Eg berre lurte på om det er noko eg burde være bekymra for, eller om det er faktisk var ulovlig slik han oppfører seg. Eventuellt kven eg burde kontakte for hjelp eller annmelding av forholde, med tanke på at det er broren min. Og plis ikkje sei ein vaksen du stolar på, for det er ingen. Helsing ei fortvilt storesøster!
Svar
Hei, jente på 16 år
Eg forstår godt at du blir bekymra for broren din. Eg legg også merke til at du har god forståelse for han og forsøker å forstå atferden hans. Du skriv mellom anna at du forstår at det ligg ein anna følelse bak når han bli sint. Dette er nok ein heilt rett og god analyse av deg. Ofte er det slik at andre følelsar ligg under og så er det irritasjon og sinne som får komme ut.
Det å ha ADHD handlar mellom anna om å ha vanskar med å regulere følelsane sine. Det er ikkje uvanleg å ha problemer med sinne i tillegg til konsentrasjonsvanskar.
Det som høyres lurast ut er at bror din kjem i kontakt med BUP på nytt. Dette for å få hjelp av helsepersonell til å vurdere tilstanden hans. Det er mogleg å vurdere om medisindosen bør endrast. Det er også mulig å få veiledning og/eller kurs for sinnemestring. For at din bror skal få hjelp til dette så er det foreldra dine som må ta ansvar for det. Det er ikkje ditt ansvar. Det er nok betre at han får hjelp på denne måten enn at han blir anmeldt. Men det er ikkje okei at de skal ha det slik heime. Så eg ville snakka med foreldra mine dersom eg var deg. Sei ifra kva det gjer med deg at bror din har det på denne måten. Dei ser jo korleis han oppfører seg sjølv og vil heilt sikkert ønske hjelp til han. For å komme til BUP går ein fyrst til fastlegen for henvisning og råd vidare.
Ønsker deg og familien masse lykke til!
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 27.12.2020
Oppdatert: 27.12.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


