Må eg ha telefonnummer for å få melding av kjøper på Tise?
Jente, 15
Hei eg selger ting på tise og berre lurer på om eg må ha telefonnummer for og få melding fra folk som vil kjøpe
Svar
Hei!
For å opprette ein profil på Tise må du registrere telefonnummeret ditt. Dette er for å verifisere kontoen din og sikre at du er den du gir deg ut for. Men nummeret blir ikkje opplyst til kjøperar, dialogen går føre seg via chatfunksjonen hos Tise.
Dersom denne chattefunksjonen ikkje er tilgjengeleg kan det vera fordi du ikkje har registrert gyldlig ID i Tise appen eller har verifisert identiteten din via Bank ID. Ver merksam på at Tise har 18 års aldersgrense sidan kjøp og sal inneber juridiske forpliktingar som mindreårige ikkje kan inngå. Tise skriv i vilkåra sine at om du er under 18 år, kan du berre bruke tenestene viss ein av dine føresette godtek vilkåra på dine vegne, og er ansvarleg for bruken din av tenestene.
Det er best å følgje reglane frå plattforma, då dette vernar både deg sjølv og dei du handlar med. Om du ikkje er gammal nok til å bruke Tise, er det lurt å få hjelp frå ein føresett eller vente til du er 18 år.
Håpar dette svara på spørsmålet ditt!
Vennleg helsing
Forbrukerrådet i samarbeid med ung.no
Forbrukerrådet er ein interesseorganisasjon som arbeider for eit forbrukervennleg samfunn, og me hjelper deg med å løyse ditt forbrukerproblem gjennom råd og veiledning viss du og selgar blir ueinige.
Besvart: 8.4.2026
Oppdatert: 8.4.2026
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål