Spørsmål og svar

Er redd for å begynne på u-skolen, kva gjer eg?

Jente, 13

Hei!! Eg begynner på us til høsten å Eg er so redd, Me har ikke fått veta klassene endå å e so redd for at eg Ik kjem med dei to jentene Eg vill komma med. Ein venna av meg sa til meg at viss du har dysleksi kan det hende du får arbeidslifsfag å eg tok det på 2 valg men har Ik lyst i det heile tatt å ta det håper eg Ik får det. Plissss svar fort❤️

Svar

Hei!
Det å begynne på ungdomsskulen er noko som mange tenkjer på, og det er heilt vanleg å engste seg for dette.

Når du begynner vil du bli tatt i mot av lærarar som veit at det er mange som gruar seg. Lærarane vil difor gjere sitt beste for at starten blir trygg og god.

Når det gjeld kven som kjem i lag og ikkje, kan eg ikkje garantere at du kjem i lag med begge venane dine, men her òg tenkjer lærarane på at klassane totalt sett skal bli så gode og trygge som mogleg.

Det at ein person har dysleksi er ikkje ein grunn til at ein blir plassert på Arbeidslivsfag. Viss ein person som har dysleksi, t.d. ønskjer framandspråk, så har han lik rett til å få det som andre.

Hilsen rådgiver ungdomsskole i samarbeid med ung.no

Besvart: 26.4.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål