Eg har fått tilbod om å vere med i pornofilm, kva må eg tenkje på?
Jente, 19
Eg har fått tilbod om å vere med i pornofilm. Det er ein film der eg skal spele ein russ som har gruppesex saman med fleire andre jenter og gutar på ein russebuss. Eg blir flogen til Oslo i mai eller juni, og vi skal spele inn fleire scenar på Lillestrøm. Det er veldig godt betalt. Kva bør eg tenkje på? Eg har spurt ChatGPT, men får ikkje eit ordentleg svar.
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.
Det er fleire ting ein bør tenkje på om ein skal spele inn ein pornofilm, her er nokre ting:
- Bruker du prevensjon som gjer at du ikke blir gravid om dei du har sex med ikkje bruker kondom? Bruker du ikkje prevensjon, kan du få dette hos fastlegen eller på helsestasjon for ungdom.
- Det å ha sex med fleire på ein gong auker risikoen for smitte av seksuelt overførbare infeksjoner. Kva veit du om dei andre? Har dei testa seg? Kor lenge sidan har dei testa seg?
- Kva former for sex skal du vere med på? Veit du om det vert forventa at du skal vere med på noko du ikkje liker eller vil? Kva gjer du om kjem fram og dei som lager filmen vil at du skal gjere noko du ikkje vil vere med på? Kan du seie nei der og då?
- Kva tenkjer du om deg og framtida når filmen er ferdig? Kva er planane dine? Kan det skape problemer for deg når familie, vener, ein kjærast eller arbeidsgjevar kjem over og får sett filmen?
Det kan vere fleire ting som det og kan vere verd å tenkje over. Kanskje svaret her gjer at du kjem på andre ting. Det kan vere fint å snakke med nokon om dette før du bestemmer det. Helsestasjon for ungdom er ein fin stad å diskutere dette. Synes du det blir for vanskeleg, går det an å chatte anonymt med fagpersoner på ungdomsklinikken Sex og samfunn.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 7.12.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål