Eg blir flau av at penisen er meir synleg i treningstights, kva gjer eg?
Gutt, 15
Eg e gutt og liker og trene i jente tights men eg syntes at det er flaut at det går and og se tissen min.
Svar
Hei!
Takk for spørsmålet ditt.
Så fint at du likar å trene i tights, det er både funksjonelt og behageleg.
Samtidig er det ikkje godt å oppleve at du er flau over at ein lettare kan sjå penis gjennom tightsen. Det er samtidig heilt normalt og dei fleste gutar som nyttar tight vil oppleve det du også gjer.
Du kan til dømes ha ei lengre t-skjorte på deg. Det er også mogleg å ha stoff i undertøyet som er tykkare slik at det ikkje er like tydeleg når du brukar tights.
Hugs at mange gonger er dette ikkje like synleg for andre slik ein sjølv kan tenke.
Lykke til!
Helsing helsesjukepleiar, ung.no
Besvart: 30.11.2023
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
