Er tentamenskarakteren viktig?
Jente, 15
Hei, Jeg gruer mei veldig til tentamen som vi har om 14 dager, føler meg ikkje fotbrett på det i de heile tatt, jeg går i 10kl men føler verkeleg tentamen har meir press på seg enn før. Kva brude eg øve på? Er denne karakteren viktig?
Svar
Hei!
Tentamen er som ein slags test på korleis eksamen kan kome til å bli. Difor er det lurt å ha tentamen. Ofte brukar lærarane tentamen til å sette karakterar også - og då vil tentamenskarakteren kunne bli ganske viktig.
Lærarane i kvart fag skal arbeide på ein slik måte at elevane kjenner seg trygge på at dei veit kva dei går til. Mange skuler har ein såkalla førebuingsdag før sjølve tentamen, i kvart fag. Spør lærarane dine om di skule kan/skal ha slike dagar.
Skal du førebu deg på eiga hand, kan det vere lurt å arbeide med gamle oppgåver som du har fått at med kommentarar på. Les over det læraren har skrive, og øv ved å rette opp feil/gjere endringar i teksta, slik at ho blir betre. Dette er beste måten å arbeide med språk på.
I matten kan du lese og øve på reglar for ulike utrekningar. Sjå etter regler i dei kapitla du har jobba med til no.
Lykke til!
Med vennlig hilsen rådgiver/ungdomsskolelærer, Ung.no
Besvart: 8.11.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
