Spørsmål og svar

Korleis seie til foreldra mine at eg trur eg har autisme/ADHD?

Gutt, 13

Hvordan kan eg veite at eg har autisme,adhd eller begge, og hvis eg har hvordan skal eg fortele mine foreldre det? Eg liker ikkje så mye å skrive så dette er alt

Hei

For å vite sikkert om du har autisme og/eller ADHD må du utgreiast i BUP.

Då må du og foreldra dine oppsøkje fastlege for å be om ei tilvising til utgreiing.

Når du skal snakke med foreldra dine, kan du seie dette: «Eg treng å spørje om noko eg har lurt på ei stund. Nokre gonger lurer eg på om eg har autisme eller ADHD. Trur de det?»

Høyr kva foreldra dine svarer.

Så kan du svare med å fortelje kva det er med deg som gjer at du trur du har éin eller begge desse diagnosane.

Tenk over kva symptom du har som du trur kan ha samanheng med desse diagnosane, og forklar det for foreldra dine.

Det kan vere lurt å skrive dei ned i forkant, så blir det lettare for deg å hugse dei når du snakkar med foreldra dine.

Eg legg ved to artiklar som handlar om autisme og ADHD. Så kan du vise dei til foreldra dine.

Ønsker deg alt godt.
Vennlig hilsen psykiatrisk sykepleier for ung.no

Besvart: 17.8.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål